top of page

Arne m. Sølvberg og Øyvind Lyslo

"Briljant felespel med glitrande godt gitarakkompagnement" (Spelemannsbladet)

Syngande.jpg
Fjellmann - cover.png

Samarbeidet mellom Arne M. Sølvberg (fele og hardingfele) og Øyvind Lyslo (gitar) starta i 1989, etter at dei begge hadde fått jobb som høvesvis fylkesmusikar og distrikts-musikar i Sogn og Fjordane.

 

Samspelet fungerte så godt at dei året etter spelte inn plata "Syngandestrenger" på (Heilo/Grappa), som også førte til nominasjon  til Spellemann-prisen. Plata var nyskapande på grunn av samspelet mellom tradisjonelt spel på hardingfele og fele og klassisk gitar, der Øyvind Lyslo arrangerte musikken for gitar.

Sølvberg og Lyslo har turnert for Rikskonsertane, og dei har hatt konsertar i heile landet, ma. på Riksscenen og fleire år på Førdefestivalen. 

"The combination of hardanger fiddle and classical guitar is not very common, but the music they play together represents an outstanding addition to the Norwegian folk music scene."


"Syngande strenger" fekk svært gode kritikkar og rosande omtale, og spor frå plata har vorte teke med i andre samanhengar, ma. "Sounds and visions of Norway", ein 4CD-boks med norsk musikk utgjeve i samband med OL'94 på Lillehammer, der det ma. stod fylgjande om Sølvberg og Lyslo:

"Klanglig står de to instrumentene godt til hver-andre, men det krever musikere med kvalitet og perspektiv for at de ikke skal "tråkke" på hver-andre i lydbildet. Begge er artister av stort format som har funnet et publikum langt utenfor det etablerte folkemusikk-miljøet".
 
Sjå også platemeldinga i Spelemannsbladet under. 

Klikk her for å sjå TV-programmet "Syngande strenger" på NRK.

I 2017 fekk Arne med seg Tom Karlsrud på trekkspel og Øyvind Lyslo på plata "Fjellmann", ei plate som består av Arne M. Sølvberg sine eigenkomponerte slåttar.  Arne spelar her på både bukkehorn, fløyter og munnspel i tillegg til ulike feler og hardingfeler. 

Det siste store prosjektet til Arne M. Sølvberg og Øyvind Lyslo i 2021 er utgjevinga av plata "Slåttar og tonestykkje av Anders Viken" med musikken av Jølster sin store spelemann og ein av dei fremste folkemusikarane i Noreg på 1900-talet. Plata er no å få kjøpt, og inneheld 23 titlar og eit rikhaldig hefte om Anders Viken og slåttane.

 

Førdefestivalen 2022 vart musikken til Anders Viken presentert i konsertserien "Folkemusikken og fortel-jingane" i samarbeid med forfattaren Arne Henning Årskaug og med regi av Kyrre Eikås Ottersen. Premieren var på Eikaasgalleriet. 

"Eg har dyrka denne musikken i mange år, både i konsert- og undervisningssamanheng, og eg har også lært svært mykje av Arne Viken, som er sonen til komponisten", seier Sølvberg. 

Sjå artikkel om prosjektet til venstre.

bottom of page