top of page

B i o g r a f i

Øyvind Lyslo er ein norsk gitarist, arrangør, komponist og produsent frå Sandane i Nordfjord. Han studerte klassisk gitar ved Griegakademiet i Bergen, Norges Musikkhøgskule i Oslo og Hochschule für Musik und Darstellende Kunst, Frankfurt am Main. Øyvind Lyslo har sidan 1982 spelt konsertar og turnert i Tyskland, Storbritannia, Polen, Nederland, Island, Sverige, Venezuela, Øst-Timor, Japan og Norge.  I tillegg til å vere utøvande musikar, arrangør, komponist, pedagog og produsent er han også fylkesmusikkleiar og musikkprodusent i Vestland fylkeskommune.

 

Øyvind Lyslo har medverka på om lag 15 CD-innspelingar både som utøver, arrangør og komponist, og CD'en "Syngande Strenger" med Arne M. Sølvberg fekk svært god nasjonal og internasjonal omtale i tillegg til nominasjon til  Spellemannprisen. Lyslo har også gjeve solokonsertar på fleire internasjonale festivalar, ma. i Caracas og Festspillene i Bergen i tillegg til duo- og triokonsertar på Bergen Internasjonale Gitarfestival og Førdefestivalen. Dei siste åra har han hatt solokonsertar i Japan og Tyskland.

Øyvind Lyslo har komponert musikk for NRK radio, NRK TV og teater (ma. til Festspillene i Bergen) i tillegg til ulike ensemble, frå brassband til gitartrio. Han har også arrangert musikk til fleire plateinnspelingar, ma for Roar Engelberg og Stein-Erik Olsen i tillegg til innspelingane der han sjølv har medverka. Fleire komposisjonar for gitar har også blitt utgjevne på forlag i Tyskland og Canada. Lyslo sitt arrangementet av Sting sin store hit "Fragile" er godkjend av EMI Music. Våren 2015 vart fleire  komposisjonar publisert på Productions d'OZ (Canada). Han har også spelt med Nasjonalballetten i forestillinga "Bernardas Hus".

Som musikkprodusent i fylkeskommunen har han produsert over 100 skule- og barnehagekonsertproduksjonar. I tre år underviste han ved Kulturskulerådet sitt talentprogram i Førde. Han har arbeidd fleire år om distriktsmusikar i Gloppen, og som kulturskulelærar i Førde og Naustdal. Han har også vore tilsett som gitarlærar ved Firda vidaregåande skule og som lærar i komposisjon og arrangering ved musikkterapistudiet på Sandane. 

Øyvind har også hatt workshops ved Griegakademiet, Universitetet i Agder og på internasjonal gitarfestival i Caracas, Venezuela.

Øyvind Lyslo er ein allsidig musikar som meistrar ei rekkje stilartar. Han har samarbeidd med nokre av dei fremste utøvarane i landet, ma. Arne M. Sølvberg på fele og hardingfele  og Linda Øvrebø, Reidun Horvei, Sigrid Moldestad, Lisa Stokke, Elisabeth Andreassen, Tomine Mikkeline og Marianne Juvik Sæbø, i tillegg til ma. Dag Arnesen, Olav Dale, Gøran Fristorp, Alfonso Montes og Irina Kircher. 

Øyvind Lyslo er også medlem av Den Norske Gitartrio saman med Njål Vindenes og Egil Haugland. Han samarbeider også med fleire kor. I 2018 og 2019 turnerte han med forestillinga "Migrasong - songane dei tok med seg over havet" saman med Reidun Horvei og Per Inge Hove. I 2019 spelte han også inn CD-plata "Fjellmann" saman med Arne M. Sølvberg og Tom Karlsrud, og det nyaste prosjektet i 2021 er utgjeving av duoplata "Slåttar og tonestykkje av Anders Viken" saman med Arne M. Sølvberg.

I regi av Academia Internacional de Guitarra Victor Santaella spelar  Øyvind online konsert som månadens gjest. På Førdefestivalen 2022 er Arne M. Sølvberg  og Øyvind Lyslo invitert til å spele konsert med musikk frå den siste plata med musikk av Anders Viken i konsertserien "Folkemusikken og forteljingane". 

Øyvind Lyslo har tidlegare motteke stipend frå Fond for utøvande kunstnarar (1986, 1990, 2003, 2004, 2005), TONO (1990, 2004, 2005, 2009), Statens kunstnarstipend (1993, 2002), Statens kunstfagstipend (1984-1986), Tysk DAAD-statsstipend (1986-1988) og  Ole Bulls Fond (1984).

Foto: Vegard Fimland

Kontakt

oyvind.lyslo (at) gmail.com

bottom of page